Laurdag 5.mai 2012 arrangerte Nordhordland
Forsvarsforening tur med den restaurerte ubåtjagaren KNM Hitra frå Knarvik til
Modalen.USA fekk bygd 438 slike fartøy under siste
verdskrig, og tre av desse hamna på norske hender; og tok over Shetlandsfarten
etter at skøytene hadde trafikkert over Nordsjøen. Dette marinefartøyet er 112
fot langt, og har ein marsjfart på 15 knop.
Første stogg var Eknes-kaien, der dei serverte
gloheite vaffelhjarter. På denne kaien er det reist eit minnesmerke over
skipssjef Ingvald Olsen Eidsheim ; som førde dette fartøyet 43 vellukka, men
fårefulle turar over Nordsjøen.
Johannes Mehl frå Nordhordland
Forsvarsforening held tale og la ned blomar ved dette
minnesmerket.
Dette legendariske fartøyet gjekk så vidare innover
Osterfjorden og Romarheimsfjorden, og gjekk opp Mostraumen på ein særdeles
elegant måte, med god styring i motstraum. Ombord er det to hovudmotorar; kvar
på 550 hestekrefter.
På Mo gav det islandske vertskapet oss framifrå god
fiskesuppe, og orlogskapteinen førde oss trygt tilbake til
Knarvik-kaien.Då kan ein få hug å koma med følgjande spørsmål :
Har det nokon gong tidlegare vore eit marinefartøy heilt inne ved kaien på Mo
?
Ture Andersen




